bEGREDELEG bINGO

Om arrangementet

Tenk deg om no. Du har klikka inn på ein billettlink, du ikkje heilt kjenner konsekvensen av. Begredeleg bingo. Er det verkeleg verdt inngangspengane? 120 kroner. Kva får du eigentleg att for dette? Lusne premiar, og ein dyr barmeny. Tenk deg grundig om no. Vel om du insisterar... bingoen er gratis. Heile kvelden. Du betaler for å sikre deg ein sofaplass, med snacks, og for å komme med musikkønske! Du blir del av ein slags interaktiv jukebox!

Vi gjentek fadesa frå 2020, med begredeleg bingo i Kulturstova. Dette blir ein stusseleg kveld, der folk kan treffe andre fortvilte sjeler. Vi skal sjå om vi finn nokre dårlege premiar. Det blir enkel bakgrunnsmusikk, jamring og klaiging frå gjestar, og ein amatørmessig bingovert. Vi håper inderleg at nokon andre vil ta på seg å leie publikum gjennom denne miserable kvelden, men aller siste utveg er bingovert Bingo Starr, som har gått arbeidsledig sidan forrige tilstelning.

Vi veit ikkje enda kva kveld det blir, men vi høyrer at folk treng denne stunda, for å få eit avbrekk frå trivelege familiekveldar i ei elles gledeleg tid.

Dørene åpnar kl 20.00, trur vi, og billettane blir av uforståelege grunnar utseld med ein gong.

Så følg med, handle raskt om du vil oppleve ein dyster kveld i lag med andre, folk. Vi har dyre bingotusjar for salg, som har vore lagra i eit varmt lager i to grusomme år.