bEGREDELEG bINGO

Om arrangementet

Tenk deg om no. Du har klikka inn på ein billettlink, du ikkje heilt kjenner konsekvensen av. Begredeleg bingo. Er det verkeleg verdt inngangspengane? 170 kroner? 190??. Kva får du eigentleg att for dette? Lusne premiar, og ein dyr barmeny. Tenk deg grundig om no. Vel om du insisterar... bingoen er gratis. Heile kvelden. Du betaler for å sikre deg ein sofaplass, med snacks, og for å komme med musikkønske! Du blir del av ein slags interaktiv jukebox!

Vi gjentek fadesa frå 2020, 2022 og 2023, med begredeleg bingo i Kulturstova. Hugsar ikkje om vi hadde dette rælet i 2021. Dette blir ein stusseleg kveld, der folk kan treffe andre fortvilte sjeler, det er vi sikre på. Vi skal sjå om vi finn nokre dårlege premiar. Det blir enkel bakgrunnsmusikk, jamring og klaging frå gjestar, og ein amatørmessig bingovert. Vi håper inderleg at nokon andre vil ta på seg å leie publikum gjennom denne miserable kvelden, men aller siste utveg er bingovert Bingo Starr, som har gått arbeidsledig sidan forrige tilstelning. Har du lyst til å prøve deg som bingovert? Sende ein kortfatta søknad, attestar til post@idhuset.no

Vi håpte at det skulle dukke opp eit konkurrerande arrangement, slik at vi slapp å arrengere dette tullet her, men det ser diverre ut til at 28. desember er heilt fri for konflikter. Når vi i tillegg blir nedringt av triste folk, når vi blir plaga av bingosnakk i køa på butikken, polet og ute på høglys dag, då har vi eit problem. DU har eit problem, som gir OSS eit problem, for vi ønsker å drive eit seriøst kulturhus. Av og til går eg i skjorte og blazer for å framstå skikkeleg. Men så er det det at vi høyrer at folk treng denne stunda, for å få eit avbrekk frå trivelege familiekveldar i ei elles gledeleg tid. Då går det jo til bøvels heile greia!

Dørene åpnar kl 20.00, trur vi, og billettane blir av uforståelege grunnar utseld med ein gong. Normalt er det trangt om plassen, og dei mest slitte stolane og den brune sofaen utan demping står som regel att til slutt. 

Så følg med, handle raskt om du vil oppleve ein dyster kveld i lag med andre, folk. Vi har dyre bingotusjar for salg, som har vore lagra i eit varmt lager i to-tre grusomme år.

GOLDEN CIRCLE er eit nytt forsøk for oss. Vi prøver å steg for stek, prise oss ut av marknaden. 

18 år