bEGREDELEG bINGO
Billettar
Om arrangementet
Tenk deg om no. Du har klikka inn på ein billettlink, du ikkje heilt kjenner konsekvensen av. Begredeleg bingo. Er det verkeleg verdt inngangspengane? Kva får du eigentleg att for dette? Lusne premiar, og ein dyr barmeny. Tenk deg grundig om no. Vel om du insisterar... bingoen er gratis. Heile kvelden, og den tek nesten aldri slutt. Du betaler for å sikre deg ein sofaplass, med snacks, og for å komme med musikkønske! Du blir del av ein slags interaktiv jukebox!
Vi gjentek fadesa frå 2020, 2022, 2023, 2024 og 2025 med begredeleg bingo i Kulturstova. Hugsar ikkje om vi hadde dette rælet i 2021. Dette blir ein stusseleg kveld, der folk kan treffe andre fortvilte sjeler, det er vi sikre på. Vi skal sjå om vi finn nokre stusselege premiar. Det blir enkel bakgrunnsmusikk, jamring og klaging frå gjestar, og ein amatørmessig bingovert. Vi håper inderleg at nokon andre vil ta på seg å leie publikum gjennom denne miserable kvelden, men aller siste utveg er bingovert Bingo Starr, som har gått arbeidsledig sidan forrige tilstelning. Har du lyst til å prøve deg som bingovert? Sende ein kortfatta søknad, med attestar til post@idhuset.no
Dørene åpnar kl 19:00, og billettane blir av uforståelege grunnar utseld med ein gong. Normalt er det trangt om plassen, og dei mest slitte stolane og den brune sofaen utan demping står som regel att til slutt.
Så følg med, handle raskt om du vil oppleve ein dyster kveld i lag med andre, folk. Vi har dyre bingotusjar for salg, som har vore lagra i eit varmt lager i to-tre grusomme år.
Backstagerommet med live streaming frå Kulturstova blir det i år også, men vi kan sjølvsagt aldri, under nokon omstendigheiter, på ingen måte garantere at EDB utstyret ikkje "lagger", som igjen fører til delay i visninga.
