Våren 2022 startar med:

Våren 2022 startar med relativt mykje lokalprodusert kultur.

Aller først ut er UL Fram, med Sirkel av liv. Desse ungdomane kjem normalt med eit forrykande show i august, men pandemien har stokka litt om på planane. Så merk deg datoen 23.januar.

4.februar er det også ein relativt lokal kar som kjem på besøk, nemleg Steinar Raknes frå Midsund. I tillegg til sin trufaste kontrabass har han med seg Unni Wilhelmsen (gitarist i Di derre), samt fullt band. Dette blir ein kanontøff konsert!

19.februar får vi på nytt besøk frå Romsdal. Denne gong er det sjølvaste Bjørn Tomren, frå Tomrefjord. Han er så populær at vi har satt opp 2 konsertar. Nokre få ledige billettar er det framleis.

Soulsisters har konsert 4.mars. Dette er eit nyoppstarta prosjekt med kun lokale songarar, og fullt band. Her blir det kjende sangar i ny innpakning, og høgt nivå. Vi gleder ser fram til det nye bekjentskapet, og avsluttar kvelden med «afterparty» oppe i Kulturstova.

Appropos Kulturstova: Elfap kjem attende og markerar St.Patricksday 18.mars. Her blir det irske folketonar, og ein allsangkveld utan sidestykke. Elfap har sine røter frå Skodje, og er ein garantist for god stemning.

19.mars er den store dagen for Brattvåg Janitsjar. Dei er i øving, og det må til. For denne kvelden har dei storfint besøk på scena; nemleg Adam Douglas! Her er det berre å sikre seg billettar først som sist! Dagen etter får vi ein forsinka nyttårskonsert. Den har blitt utsatt til 20.mars. Også dette blir ein konsert med lokalt alibi. Ytre Suløen og Sunnivakoret står på scena, og dei blir leia av Per Oddvar «Prots» Hildre, frå Hildre.

2.april blir det gjensyn med samarbeidsprosjektet til aChoir og Horizon Project. Den forrige konserten desse hadde i lag, fekk velfortent skryt frå både trufast og nytt aChoir publikum. Dette blir ikkje ein reprise, men vi er sikker på at det blir minst like bra!

Vi avsluttar denne lokale våren med Siril Malmedal Huage sitt Slowly Slowly prosjekt, 22.april. Siril kjenner vi godt frå før, som vokalist i Jul på Sunnmørsk. Med i bandet også i denne samanhengen er Henrik Lødøen frå Brattvåg (trommer) og Martin Morland frå Hildre (bass).

 

Publisert
10. januar 2022
Skrevet av
K.H