Den 15. og 16. mars er det duka for UKM-helg på ID-huset.
Blir du med på festen?
« Etter ei pause i 2024 er stemninga ekstra god, og Tove-Laila Bjerke, Eva Ulla Myren og Ingvild Haram er blant dei som står i spissen for å gjera årets UKM ekstra minnerik. » - Fortel dei.
Kva er UKM?
UKM står for Ung Kultur Møtast, og skal gi ungdom mellom år ein plass å vise fram det dei driv på med! Rockeband, dikt, trylling, triksing, song, hip-hop, dans, folkedans, teater, handarbeid, foto, design, - kan det visast fram på ei scene eller ei utstilling kan du delta på UKM! Du kan delta åleine, i lag med ein venn, eller i ei gruppe.
- Ein plass for å møte andre, ha det gøy, få inspirasjon, bli trygg, og øve seg på å stå på ei scene eller delta på ei utstilling, seier Ingvild Haram. - Ingenting er for bra eller dårleg til å delta!
- Påmeldinga for Haram er open for ungdom mellom 10-20 år. Alle som deltar vil få tilbakemelding frå eit fagpanel, med råd og tips om korleis ein kan utvikle seg, forklarar Tove-Laila Bjerke.
Ho jobbar til dagleg ved Ingebrigt Davik-huset, og er koordinator for UKM Haram.
Nokre bidrag vil bli valde ut av fagpanelet til å representere Haram på ein fylkesfestival for Møre og Romsdal. Deltakarar som skal delta i fylkesfestivalen må fylle 13 år i 2025.
UKM-damene vil likevel gjerne ha med deltakarar under 13 år i det lokale arrangementet, og er heilt enige i Ingvild sin kommentar:
«Kven som blir sendt til fylkesfestivalen er ikkje det som skal ha størst fokus, hos oss er alle deltakarane like viktige. »
Forestilling og workshop
UKM Haram 2025 går altså av stabelen på Ingebrigt Davik-huset søndag den 16. mars. Då får deltakarane vise seg fram både frå scena og i utstilling.
Laurdag den 15. mars er det også planlagt for kreativ workshop for alle som har lyst å vere med.
«Kva type workshop det blir er ikkje heilt bestemt enno. Vi legg ut informasjon på den lokale UKM-sida så snart vi har fått spikra dette, seier Eva Ulla Myren og avsluttar med ei oppfordring til alle ungdommar der ute: Driv du på med noko som kan stillast ut i ei utstilling eller visast fram på ei scene?
Meld deg på UKM og vis kva du kan! »
Lyst til å vere med som ung arrangør?
Om har du ikkje lyst til å vise fram noko på scena, kan du melde deg på som ung arrangør.
«Vi vil gjerne ha med ungdommar som teknikarar, konferansierar og fotografar/filmskaparar, fortel Tove Laila. Alle som melder seg på i desse kategoriane vil få opplæring før arrangementet, du treng ikkje å kunne noko på førehand.»
Du kan melde deg på UKM Haram, både som deltaker.