Søndag: Himmelsk lapskaus-filmen

For nesten to år sidan måtte familieforestillinga Himmelsk lapskaus avlysast etter berre to av fem planlagde framsyningar. Coronaen var grunnen. Prosjektet hadde som mål å vise mangfaldet i kulturlivet, og ikkje minst knyte kontakt mellom aktørar i den nye storkommunen.
Innslag og deltakarar frå samtlege av dei fem samanslåtte var med og kunne by på sang, revy, dans, musikk, magi - altså ein himmelsk lapskaus.
Heldigvis vart premiera på ID-huset filma, og råmaterialet har no blitt redigert til ein filmversjon. Og i tillegg ein "dronepresentasjon" av kommunen.
Dette prosjektet som vart initiert av Peter Drabløs, Astrid Overaa og Lasse Larsson Fjørtoft, hadde som utgangspunkt når fem blir til ein, noko filmen også er eit bilete på. Eller må ein, om ei viss framtid, skrive var ei framtid på?
Denne filmframsyninga blir i Storsalen på Ingebrigt Davik-huset. Arrangemetet er heilt GRATIS. Altså er det berre å møte opp, finne seg ein stol i amfiet, og la seg underhalde.

Open kiosk.

Publisert
23. februar 2022
Skrevet av
K.H