Senka aldersgrensa for Tobias Sten

Fredag 7. november kl. 20:00

På grunn av stor interesse frå ungdommar, har vi valt å senke aldersgrensa til 14 år for konserten med Tobias Sten denne fredagen.
Vi vil at fleire skal få oppleve gleda ved live musikk – og legg til rette for ein trygg og god kveld for alle.

Det blir framleis sal av alkohol, og i tråd med alkohollova har vi følgjande tiltak:

- Skjenking skjer berre i 18+ soner (i konsertsalen og Kulturstova)
- Område for under 18 år er klart skilte og inngjerda
- Dørvakter ved alle skjenkestader som sjekkar legitimasjon
- Alle under 18 år får stempel på handa ved inngangen

Foajéen, kiosken og gangane i kulturhuset er opne for alle – ingen aldersgrense der.

Vergeordning

Er du under 14 år, kan du kome i følgje med ein vaksen over 25 år.
Send ein e-post til post@idhuset.no for å få tilsendt vergeskjema.

Billettane er unummererte – du kan stå, sitje, danse eller gå akkurat som du vil.

Vi gler oss til å sjå deg på huset denne kvelden!

Publisert
11. juni 2025
Skrevet av