Brattvåg IL inviterer til quiz og romjulsfest 2. juledag!
Brattvåg IL held fram suksessen og arrangerer quiz og romjulsfest 2. juledag i år òg! Det blir garantert god stemning, mykje humor og flotte premiar.
Program for kvelden:
- Dørene og baren opnar: kl. 19.30
- Quizen startar: presis kl. 20.00
- Tal på personar per quizlag: 4–8 stk.
- Julefesten startar: kl. 22.30
Quizmaster og underhaldning
Vi er så heldige å få Oddmund Davik Otterlei som quizmaster i år igjen! Han leverer som alltid variert quiz med mykje energi og latter.
Etter quizen blir det livemusikk med Komus, eit band frå Langevåg. Bandet består av seks velduftande medlemer med variert hårfeste og ein snittalder på 33 år. Dei har eit urokkelig fokus på allsang og dansefot, og fellestrekket for alle er høg energi og sterk formidlingsevne. Gå ikkje glipp av Komus – vi lovar ei kveld med topp stemning!
Praktisk informasjon
Billettar kjøper du via Vipps (nr. 135893) eller ved å skanne QR-koden i annonsen.
Prisar:
- Kun quiz: 200,- per person (kl. 19.30–20.00)
- Kun romjulsfest: 300,- per person (kl. 22.30–00.00, kan kjøpast i døra)
- Quiz + romjulsfest: 400,- per person (kl. 19.30–20.00)