Praktisk info Enslaved, buss og Aldersgrense

Det nærmer seg konsert med Ilti Milta og Enslaved på Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg! 
Dette blir ein minneverdig kveld! Velkommen skal du være. Her er litt praktisk informasjon:
 
Overnatting i Brattvåg:
Det blir mykje folk, og Brattvåg Fjordhotell er heilt fullt. Eit anna alternativ tilovernatting kan være Skjelt-Ole tunet, som ligg ei Flo-pasning frå konserthuset.
 
BUSS:
Ei anna løysing kan være kollektivtransport. Vi har derfor satt opp Enslaved buss frå Finnøya , via Nordøyane. Bussen stoppar rett utanfor inngangsdøra til Ingebrigt Davik-huset. 
Det er også satt opp buss frå Ålesund rutebilstasjon. Denne bussen stoppar også rett utanfor inngangsdøra til Ingebrigt Davik-huset. Begge bussane startar si rute kl 18:30, og har planlagt å være på ID-huset kl 20:00. Ilti Milta går på ca 20:30.
 
Retur frå Ingebrigt Davik-huset ved midnatt.
NB: Dette er ikkje ordinær rutebuss. Så rutetidene og haldeplassane finn du i linken her. Det er også berre  her du kan kjøpe billett. Den må kjøpast før kl 18:30, og før bussen er full. Billett og rutetider finn du her: https://idhuset.no/bussbillett-til-elslaved-a7tzr9/
 
Konsertbillett: 
Denne vart sendt ut frå e-billett. Ha den klar, slik det går raskt og effektivt med stempling/armband.
 
Dørene og bar åpnar kl 19:30.
Vi har bar inne i konsertsalen i 1.etg, i 2.etg, og i Kulturstova i 3.etg. Alle barane åpnar kl 19:30. Etter konserten er det pub oppe i Kulturstova i 3.etg. Betaling med kort i baren.
 
Merchandise salg blir inne i foajè. 
 
Konsertstart med support Ilti Milta ca kl 20:30
Enslaved går på kort tid etter Ilti Milta.
 
Alkohol:
Vi har bar og skjenkeløyve på Ingebrigt Davik-huset. Medbrakt alkohol og andre rusmiddel er strengt forbudt. Overstadig berusa folk blir bortvist frå kulturhuset.
 
U 18?
Vi har eit begrensa antall plassar for rockefans under 18 år. 
Desse må ha utfylt vergeskjema, og må ha verge. 
Ta kontakt på e-post: kjetil@idhuset.no, så får du skjema tilsendt.
Publisert
25. mars 2026
Skrevet av
Johanne Dahl