Musikkquiz med Thomas Felberg

Bli med på ei reise med sjangre og anekdotar frå Thomas Felbergs musikkfylte hode. Thomas sørger for ein kveld med musikk, quiz og rockin’fun!

Thomas Felberg er ei energibombe med kunnskap, humor, sjølvironi og meget god og djuptpløyande musikksmak. Han har ei unik innleving og utstråling som inkluderar alle frå 3 til 100 år uansett kva arrangement han er på. Thomas kan varme opp eitkvart kaldt rom til kokepunktet, og gjer det!

Thomas Felberg har holdt på med musikk, show og underhaldning sidan han var barn. Han starta i bandet WE på slutten av 80-tallet som tenåring og fikk suksess i 2004 med Spellemannpris for beste rockeband, førsteplass på VG-lista, Alarmpris, Gamleng pris og ein drøss gode anmeldelsar og konsertar i Norge, Europa, USA og Asia. Med sitt brennande engasjement for musikk har Thomas ved sidan jobba opp ein god profil som musikkformidlar. De siste 7 åra har han også gjort stor suksess som musikkdommar i TV-suksessen Stjernekamp på beste sendetid laurdager på NRK1 og har også hatt stor suksess som TV-programleiar i det humor-relaterte quizprogrammet Tidsbonanza.

NB: Om du kjøper billettar til fullt bord, så er dykk sikra å vere på lag. Enkeltbillettar må vi slå saman med andre, slik at flest mogleg får delta.

Vi åpnar dørene og baren kl 19.00

Quizen startar ca kl 20.

Afterparty i Kulturstova.

Meir informasjon/billettar>>

Publisert
05. mai 2022
Skrevet av