100-årsjubileet til Ingebrigt Davik
I høve 100-årsjubileet til Ingebrigt Davik inviterer vi alle som har Taremareby-gjenstandar eller andre Ingebrigt Davik-relaterte gjenstandar, bilete, memorabilia eller liknande til å ta kontakt så fort som mogleg. Vi ynskjer å stille ut desse i montrane i 2. etasje i samband med jubileumshelga. Laurdag 18. oktober blir det også kakebord for å feire! Om du vil stille med ein kake, er det berre å ta han med – hugs å gi oss beskjed på førehand.
På leting etter sakna gjenstandar
Familien til Ingebrigt Davik leitar etter ei skrivemaskin og fleire dukkar som har kome på avvege. Desse blei sist observert på ei utstilling ved Brattvåg Bibliotek for nokre år sidan. Familien seier at skrivemaskinen er grå eller mørkegrå med mørke, svart/brune eller burgunderfarga knappar, men det er uklart om ho ligg i ein koffert eller ikkje. Har du tips om kor desse kan befinne seg? Vi set stor pris på all hjelp!
Bilete av sakna gjenstandar






