Klassisk Chopin konsert framført av ein av verdas beste Chopin tolkarar.

Velkommen til konsert med Greg Niemczuk her i Brattvåg!

Greg Niemczuk er ein av dei fremste yngre pianistane i Polen. Han er født i 1985 og gikk ut frå musikkakademi i Katowice med høgste utmerkelse. No har pianisten heile verda som sitt virkefelt. Han har konsertert i dei fleste europeiske land – til dømess Amerika, Asia, Afrika og Australia.
I 2010 vann han 1. pris i den prestisjetunge nasjonale Chopin-konkurransen i Warszawa og han blir no betrakta som ein av verdas fremste Chopin-tolkarar. I januar 2013 vann han Carnegie Halls debutantpris i skarp konkurranse med mange av verdans fremste instrumentalister og hausten 2016 vann han publikums-prisen under Busan Maru International Music Festival i Sør-Korea.
Greg Niemczuk har allerede eit stort internasjonalt namn. I si korte karriere har han spilt med fleire av verdas fremste symfoniorkestre.

Konserten i kulturhuset har fått tittelen ”Chopin i ord og toner”. Greg Niemczuk vil under konserten servere eit program beståande av dei mest virtuose, dei vakraste og dei mest kjende valsane, masurkaene, nokturnane, etydene og polonesene av Frédéric Chopin. Som Chopin-meister er det alltid ei heilt spesiell glede for han å formidle sin landsmanns musikk i utlandet. Kveldens krevjande program vil til fulle vise Greg Niemczuks virtuositet og hans evne til å formidle kvart enkelt musikkstykkes særegenheit og følelsesmessige dybde.
Greg Niemczuk er ikkje bare ein eminent pianist, han er også ein unik pedagog og kåsør og held årlege meisterklassar ved Universitetet i Kristiansand og ved Norges Musikkhøgskole. Han har leia Chopin-dagane ved Norges Musikkhøgskole og har gjesta Grieg-festivalen i Bergen i 2017 og 2019.
Som alltid når han konserterar, vil han også denne gongen fortelle om den musikken han skal framføre. Dette gjer ein konsert med Greg Niemczuk til ein heilt spesiell og givande oppleving.

Det blir småbord.

Servering frå kl 19.00

Les meir/kjøp billettar>>

Publisert
05. mai 2022
Skrevet av
Daglig Leiar