Kinoen får laserprojektor

Kinoen blir stengd i eit par veker, for å få ei naudsynt oppgradering.

Vår trufaste filmframvisar er gamal og utsliten, så no får vi endeleg ein ny maskin, som gir oss endå betre bildekvalitet.

Vi byrja i dag, 22. august, med å kappe hol i veggen for den nye projeksjonsluka, så difor må vi halde stengt denne veka, og truleg også neste veke. Projektoren må monterast over to meter over publikumet av omsyn til tryggleiken av det knallsterke lyset. Styrken er så stor at vi må konstruere eit spesialstativ for å få den i trygg høgde.

Det ser ut til å bli ein rett god kinohaust.

Slide 1
Slide 2
Slide 3
Slide 4
Slide 5
Slide 6
Publisert
22. august 2023
Skrevet av
Kinosjef, Heggdal