13.april 1925 vart Ingebrigt Davik født på Fjørtofta! Det er altså 100 år sidan! 100 år!
Ingebrigt Davik-huset har mykje å takke Ingebrigt Davik for, meir enn berre namnet! Han har vore til inspirasjon og glede for store og små gjennom radio, fjernsyn, men også scener. Og her i Brattvåg har vi eit fabelaktig kulturhus som bærer namnet Ingebrigt Davik-huset med stoltheit. Visst er det eit namn som kan være tungvindt å seie, som ein kan stokke litt om på om ein er utanfor vår eigen region. Men då blir jo mottakaren litt nyfiken. "Ingebrigt David sa du?". " Nei, Ingebrigt Davik". "Hmm. Kven var det?". " Har du høyrt om Taremareby?, Første skuledagen? Altså Hit eit steg"? Eller Romlingane?" Ja, det har dei aller fleste som har levd ei tid hørt om. Alle andre leser seg raskt opp med eit lite "google-søk".
Ingebrigt Davik er ikkje blant oss lengre, men songane, programma, historiene og figurane er her. Og vi tenkjer at det er på sin plass med ei skikkeleg bursdagsfeiring! Det er tross alt snakk om 100 år!
17.-19.oktober blir det stor markering på Ingebrigt Davik-huset.
Fredag vil vi vise fjernsynsporgram oppe i Kulturstova, der folk kan komme og gå som ein vil.
Laurdag blir det jubileumskonsert med lokale artistar som framførar si tolkning av Ingebrigt Davik sine songar. Dette håper vi blir ei fin stund for store og små.
Søndag blir det teaterframsyning i storsalen.
Vi kjem med meir informasjon om aktørar og billettar etterkvart. Hald av helga, 17.-19.oktober.
Og hipp hipp hurra for Ingebrigt Davik, 100 år!