Godt nytt år!

2021 vart eit litt merkeleg år for oss her på Ingebrigt Davik-huset.

Som alle andre i kulturbransjen så vart vi hardt ramma, når det vart lagt begrensingar på antall publikum, avstandskrav og skjenkestopp.

Vi har forsøkt å halde open kino, til tross for labert utvalg av filmar å sette opp. Men vi fekk også nokre gode lyspunkt i kinosalen, med ny James Bond film, og ikkje minst Tre nøtter til Askepott.

 

Når det gjeld kulturaktivitetar, så vart det beklagelegvis nokre avlysningar, men det meste fekk vi gjennomført. Mellom anna hadde vi fleire stand-up show, og heile fire forestillingar med russisk ballett!

 

2022 har ikkje starta heilt som vi skulle ønske. Det er no tillatt med maks 50 personar i salen, det er skjenkestopp og påbod om ansiktsmaske om ein ikkje kan halde stor avstand. Vi forstår kvifor, og har all respekt for den aukande smitten.

Men; vi håper at smitten kjem under kontroll snarast råd, slik at vi etterkvart kan åpne dørene, med fulle salar.

 

Om alt går som vi trur og håpar, så er det U.L. Fram som er først ut, med forestillinga Sirkel av liv 23.januar.

 

Godt nytt år, og velkommen til eit spanande kulturår her på ID-huset.

Publisert
10. januar 2022
Skrevet av
K.H