Falske sider på facebook

Konkurransen for å vinne billettar til Andre Ulveseter // Melankomiker 𝗼𝘃𝗲𝗿 𝗼𝗴 𝗲𝗶𝗻 𝗵𝗲𝗹𝗱𝗶𝗴 𝘃𝗶𝗻𝗻𝗮𝗿 𝗵𝗮𝗿 𝗯𝗹𝗶𝘁𝘁 𝘁𝗿𝗲𝗸𝘁 𝗶 𝗱𝗲𝘁 𝘀𝘁𝗶𝗹𝗹𝗲 𝗳𝗼𝗿 𝗮̊ 𝗶𝗸𝗸𝗷𝗲 𝘁𝗶𝗹𝘁𝗿𝗲𝗸𝗸𝗲 𝗼𝘀𝘀 𝗳𝗹𝗲𝗶𝗿𝗲 "𝗦𝗰𝗮𝗺 𝗳𝗮𝗰𝗲𝗯𝗼𝗼𝗸-𝘀𝗶𝗱𝗲𝗿".

Vi sender ut ei privat melding til alle som deltok for å oppklare kva som har skjedd, kvifor det skjedde og korleis det gjekk.

Tusen takk til alle som deltok, og om du ikkje vann, fins det framleis ledige billettar på heimesida vår.
 
𝗧𝗶𝗹 𝗱𝗲𝗴 𝘀𝗼𝗺 𝗳𝗲𝗸𝗸 𝗲𝗶𝗻 𝗻𝗶𝗳𝘀 𝗸𝗼𝗺𝗺𝗲𝗻𝘁𝗮𝗿:
Om du kom til skade for å trykke på ein av dei skumle lenkane dei posta på kommentaren din, kan vi berolige deg med at du ikkje har fått virus så lenge du ikkje trykte på noko meir inne på den falske sida deira.
Har du trykt villmann, anbefalar vi at du tek kontakt med ein dataflink ven eller familiemedlem for å få sjekke datamaskina/telefonen din, eller resette heile tilbakestille til fabrikkinnstillingane.
Alle dei tre "landingssidene" har blitt rapportert og stengt ned.
 
𝗚𝗼𝗱𝗲 𝘁𝗶𝗽𝘀 𝘁𝗶𝗹 𝗮𝗻𝗱𝗿𝗲 𝗺𝗲𝗱 𝘀𝗮𝗺𝗺𝗲 𝗽𝗿𝗼𝗯𝗹𝗲𝗺:
Du er truleg ikkje hackea, men dei har oppretta ei profil eller side med same namn og profilbilete som deg.
Du oppklarar det ved å søkje etter deg sjølv på facebook og huke av "Vis sider". Dersom det kjem opp fleire sider, kan du besøke den falske for så å rapportere og blokkere den.
Når sida er blokkert med sidebrukaren din, forsvinn kommentarane deira også.
 
𝗙𝗼𝗿 𝗮̊ 𝗵𝗶𝗻𝗱𝗿𝗲 𝗳𝗿𝗮𝗺𝘁𝗶𝗱𝗶𝗴𝗲 𝗮𝗻𝗴𝗿𝗲𝗽 𝗺𝗼𝘁 𝘀𝗶𝗱𝗮 𝗱𝗶, 𝗴𝗷𝗲𝗿 𝗱𝘂 𝗳ø𝗹𝗴𝗮𝗻𝗱𝗲:
Bruk ein datamaskin, for då er alle innstillingar tilgjengelege.
Gå inn på sida di og ver innlogga som sida.
I menyen til venstre, velg Innstillingar → Personvern → Offentlege Innlegg.
Her finn du alternativ for å sensurere kommentarfeltet ditt frå spesifikke ord, lenker eller "stygt språk".
 
𝗙𝗼𝗿 𝗮̊ 𝘃𝗲𝗿𝗲 𝗲𝗸𝘀𝘁𝗿𝗮 𝘁𝗿𝘆𝗴𝗴:
Innstillingar → Personvern → Landbegrensningar.
Her kan du gjere dine innlegg synlege berre i Noreg eller Skandinavia. Eventuelt kan du stoppe dei frå å bli synlege i land som historisk har slite med organisert nettsvindel som India, Malaysia, Saudi-Arabia og til og med Spania, som var tilfelle for oss.
Svindlarane har dette som ein heiltidsjobb, og målet deira er å lokke deg inn på ei falsk side for å trykke på ei lenke som automatisk lastar ned eit virus som tek kontroll over maskina di utan at du er klar over det.
 
𝗛𝗲𝗹𝗹 𝗶 𝘂𝗵𝗲𝗹𝗹:
Til slutt vil vi faktisk takke dei fire falske "Ingebrigt-Davik huset"-sidene, som gjennom overdreven kommentering, sørgde for at vi dukka opp i feeden til langt fleire enn vi ville utan deira aggressive pågangsmot. No er showet nesten utselt, og dette hadde vi ikkje klart åleine.
Publisert
22. september 2023
Skrevet av