Bestill årets Julebord på Ingebrigt Davik-huset

Også i år arrangerer vi julebord på Ingebrigt Davik-huset, som for anledninga blir omgjort til eit Hotell i særklasse.

Hotell-eigaren Basil Fawlty og kona Sybil tek turen frå England. Det gjer også den noko forvirra servitøren Manuel.

Forestillinga tek turen frå London til Brattvåg, og dei er meir enn klare til å servere 3 retters julemiddag laurdag 9.desember.

Bublikum blir naturlegvis ein del av showet, for det er jo dei som er middagsgjestane.

Menyen er Fawltys suppe spesial til forrett, juletallerken til hovedrett og ein fløyelsmjuk riskrem til dessert.

Gjestane blir plassert på bord for 6-8 personar.

https://idhuset.no/fawlty-towers-christmas-show-j9m2wzq/

 

Publisert
20. november 2023
Skrevet av
Kjetil Heggdal