15. Des: Førjulskonsert i Kulturstova med Mockingbirds

Mockingbirds inviterer til koseleg førjulskonsert i Kulturstova på Ingebrigt Davik-huset. Vi vil syngje tradisjonelle julesongar i aCapella drakt for å gje dykk julestemning og julero.  Vi har  med oss gjestar denne gongen.

Anne Sofie Aasestrand Hurlen er busett i Brattvåg. Ho er 26  år. Ho har gått på Fagerlia videregående skole, musikk dans drama. Nå bruker ho tida si på å utforske og utvikle den kreative sida si gjennom skriving, maling og song.

Frida Sønderland Nustad er 18 år og frå Brattvåg. Ho har sunge heile livet, vært med i UHØRT og hatt fleire songoppdrag i nærområdet. Ho er også med på drill og spelar piano. Ho gjeng  på Haram vidaregåande skule, TAF Electro linja. 


Ida Aspmodal og Roger Sylte (duett) er begge busett i Tennfjorden og songarar i aChoir. Det var i koret dei fann ut at dei ville syngje enda meir. Dette blir den første offisielle framføringa for duoen.

 

Arrangementet er gratis. Ta med dykk ein ven eller kjenning. Varmt velkomen!

FB-event: https://www.facebook.com/events/s/intimkonsert/1132330350742454/

 

Publisert
01. desember 2022
Skrevet av