Stuekonsert - Alltid Annleis // Ein konsert med dikt av Jon Fosse

Om arrangementet

«ALLTID ANNLEIS» er en konsert med dikt av Jon Fosse, tonesatt av Arnhild Vik.

Fosses dikt beskriv dei store spørsmål i livet, som kvar vi er før vi blir født, men også dei heilt små kvardagslege ting i livet, ein stein, eit smil, eit blikk. Og alt gjentek seg og er det samme, men likevel ser kvar og ein alt det det samme litt annleis.
 
Medverkande: Eline Holbø Wendelbo: vokal, Arnhild Vik: flygel, Brage Botn Seim:cello
 
Brage Botn Seim (f. 1998) begynte å spele cello då han var seks år gamal. Etter å ha vore elev ved Unge Talenter Barratt Due i sju år starta han i 2017 å studere ved Norges Musikkhøgskole med Torleif Thedéen som lærar. Brage har vunne fleire prisar som solist i Ungdommens Musikkmeisterskap og Midgardkonkurransen, samt 2. pris i den internasjonale konkurransen Young Musician Tallinn i 2011.
Som kammermusikar har han også vunne fleire prisar i norske konkurransar, i tillegg til ein 3. pris i den internasjonale kammermusikkonkurransen Fischoff i USA i 2015 med Alegrar Strykekvartett. Brage har også deltatt på ei rekkje kurs og festivalar, som bla. Oslo Kammermusikkfestival og Trondheim Intl Chamber Music Academy.