Andre Ulveseter // Melankomiker

Om arrangementet

"Melankomiker" André Ulveseter entrar scena med sitt tredje heilaftens standupshow «Melankomiker». Den energiske komikaren, opprinneleg frå Bergen, mista all glede og livskvalitet då kjæresten gjennom 10 år brått blei drept i trafikken sommaren 2022. Men med eit skråblikk på det aller meste, finn ein også humor i det mørkaste av det mørke. Å være komiker i sorg, gråtande klovn, ein mann som ber om hjelp, og i tillegg pushe 50, har vore ei berg-og-dalbane av følelsar, men no er han klar til å entre scena igjen, med nye erfaringar og historier å dele.

Melankomiker er eit ærleg, sjølvironisk og humoristisk show med eit alvorleg bakteppe, levert av ein av Norges skarpaste komikarar.

Korleis reagerar ein som aldri tidlegare har mista annet enn ein katt og ein undulat i heile sitt liv, på det å miste sin aller viktigaste støttespelar, kjæreste og venn? Og kvifor i all verda eksisterar eigentleg sukat?

 “André leser sitt publikum på standupshow på en fortreffelig måte!” 

- Kultur, Lørenskog Kommune

I sine tidlegare show har André snakka om frykta for å ikkje leve, og kvifor krenking er blitt folkesjukdom nummer én. I tillegg til sine to standupshow har han også sidan 2013 turnert land og strand med sitt morsomme, engasjerande og lærerike foredrag «Bilder i kampen mot særskrivingsfeil». Det populære foredraget er framført omlag 700 gonger, fordi folket åpenbart ønsker å lære meir om kvifor det er forskjell på å fiske kake og fiskekake.

No kan du få med deg årets mest meiningsfulle humorshow, krydra med både latter og tårer. 

Velkommen til Melankomiker av og med André Ulveseter!"

 

Spilletid: rundt 75 minutter

Foto: Anne Marthe Vestre Berge