Alt for Norge

Om filmen

Originaltittel: Alt for Norge

Premiere: 2022-04-22

Varighet: 1t 54min

Sjanger: Dokumentar, Norsk

Aldersgrense: Tillatt for alle

Originalspråk: Norsk

Regissør: Jo Vemund Svendsen og Daniel Høglund

Landslagseventyret på 90-talet blir film! 23. juni 1998: Gatene i alle byane i Noreg er tomme. Ein heil nasjon held pusten. På grasmatta i Marseille legg Kjetil Rekdal ballen på straffemerket. Keeperen til Brasil Claudio Taffarel hoppar roleg på målstreken og ser mot nordmannen. Gjennom TV-en høyrer me stemma til Arne Scheie: «Nå, Kjetil Rekdal. Det viktigste sparket på en fotball i Norges Fotballforbunds historie… » Berre eit tiår tidlegare var norsk fotball på randen av konkurs. Kva var det som endra oss? Alt for Norge er kinofilmen om Egil «Drillo» Olsen, mannskapet hans og reisa dei tok det norske folk med på gjennom 90-talet. Drillos vart symbol på ein nasjon i stor endring. Gjennom personlege opptak og i stor grad nytt videoarkiv tek denne filmen deg med i spelarbussen, garderoba og på innsida av eventyret du berre har sett frå tribunen eller framfor TV-en.