Aldersgrenser på kino

I Noreg er det Medietilsynet som set aldersgrensene på film som blir vist på kino. 

Følgjande aldersgrenser gjeld: 

  • Alle (tillatt for alle) 
  • 6 år  (barn ned til 3 år i følgje med føresatte)
  • 9 år  (barn ned til 6 år i følgje med føresatte) 
  • 2 år  (barn ned til 9 år i følgje med føresatte)
  • 15 år  (unge ned til 12 år i følgje med føresatte)
  • 18 år  (absolutt nedre grense)

Aldersgrensene er juridisk bindande og kinoane eller andre som viser filmen må følgje desse. Dersom barnet er i følgje med vaksne, kan barn inntil tre år yngre enn aldersgrensa vere med. Dette gjeld ikkje 18-årsgrensa, som er absolutt.

Medietilsynet kan ikkje forby filmar for visning. Filmar som ikkje er vurdert kan bli satt opp på kino under føresetnad av at dei blir vist med 18-årsgrense. Kinoen og distributøren er strafferettsleg ansvarleg for innhaldet. 

Sjå meir om aldersgrenser hjå: Medietilsynet