I Noreg er det Medietilsynet som set aldersgrensene på film som blir vist på kino.
Følgjande aldersgrenser gjeld:
- Alle (tillatt for alle)
- 6 år (barn ned til 3 år i følgje med føresatte)
- 9 år (barn ned til 6 år i følgje med føresatte)
- 2 år (barn ned til 9 år i følgje med føresatte)
- 15 år (unge ned til 12 år i følgje med føresatte)
- 18 år (absolutt nedre grense)
Aldersgrensene er juridisk bindande og kinoane eller andre som viser filmen må følgje desse. Dersom barnet er i følgje med vaksne, kan barn inntil tre år yngre enn aldersgrensa vere med. Dette gjeld ikkje 18-årsgrensa, som er absolutt.
Medietilsynet kan ikkje forby filmar for visning. Filmar som ikkje er vurdert kan bli satt opp på kino under føresetnad av at dei blir vist med 18-årsgrense. Kinoen og distributøren er strafferettsleg ansvarleg for innhaldet.
Sjå meir om aldersgrenser hjå: Medietilsynet