TidshJul – aChoir 90 år

Om arrangementet

I 2026 fyller aChoir 90 år, og det feirar vi med jubileumskonserten TidshJul laurdag 21. november kl. 17:00.

Denne kvelden tek vi publikum med på ei musikalsk reise gjennom historia til koret – med songar frå ulike epokar, nyare repertoar, julestemning, minne og ekte songglede.

På scena samlar vi både noverande og tidlegare medlemer i eit stort jubileumskor. Saman markerer vi 90 år med musikk, fellesskap og korhistorie – på tvers av generasjonar og tider. TidshJul blir ein varm og stemningsfull førjulskonsert med både tilbakeblikk og nye augneblinkar. Enten du har følgt oss lenge, har sunge med oss tidlegare, kjenner nokon i koret eller berre ønskjer deg ei fin konsertoppleving, håpar vi at du vil feire saman med oss.

Vi gler oss til å ønskje deg velkomen til ein varm, levande og minnerik jubileumskonsert!