10 år med UHØRT

Om arrangementet

Ein haustkveld i 2011 treftest ungdom frå heile Haram kommune til første øving på Ingebrigt Davik-huset – UHØRT var eit faktum. Sidan den gong har det blitt mange medlemmar og heile 15 konsertar!

UHØRT inviterer difor til ein UHØRT kavalkade av dei sjeldne, der medlemmar frå alle 10 år igjen er samla under same tak – på Ingebrigt Davik-huset. Det blir ein fest der UHØRT hyllar seg sjølv med favorittar frå dei ulike konsertane. I kjent UHØRT-stil lovar dei sjølvsagt nokre musikalske overraskingar.

Dei har som alltid med sitt profesjonelle band, sin sprudlande motivator Turid og på lyd; dyktige Lydkjelleren. Mikrofonane er innstilt og danseskoa pussa. Kjære publikum – velkommen til nok ein UHØRT konsert!