Vi er det vakraste kulturhuset i Ålesund!  Her driv vi med konsertar, kino, teater og utleige.

Om Ingebrigt Davik

Ingebrigt Davik, som kulturhuset er kalla opp etter, var fødd på Fjørtoft i Ålesund Kommune.

Han debuterte i NRK radio i 1959 med historiene frå "Taremareby". Han laga også barnetime om alt det underlege som kan hende i Lissomskogen og om måkefamilien i Kekkek og Kjia på Kjaholmen. Ingebrigt Davik frå Fjørtoft skapte sine eigne eventyrfigurar i Barnetimen for de minste. Å oppmuntre fantasien til barn var viktig for han.

Ingebrigt Davik var ein av dei siste som har vore med på å prege barndommen til ein heil generasjon av nordmenn, med sitt fantasifulle og unike univers. Dette spesielt gjennom barnetimen på radio, men også gjennom sine bøker og tv-program.

Meir informasjon finn du her: http://snl.no/.nbl_biografi/Ingebrigt_Davik/utdypning

Det hende i Taremareby: https://tv.nrk.no/serie/det-he...

Styret

Bjørn Sandnes (styreleiar)
Arild Eiken (nestleiar)
Hilde Haram (rep. frivillege)
Lisa Alvestad (rep. kultur)
Øyvind Lervåg (rep. næringsliv)
Julianne Høistad Åkre (rep. politisk)