Be Funky Design 3

Vi senkar prisane!

Møre og Romsdals billigste kino

Vi kan alle vere einige om at film, ja den er best på kino. Popkorn i eine handa, brus i den andre, spenninga som sett inn når salen blir mørk og Metro Goldwyn Mayer-løva gjer sitt ikoniske brøl. Den kjensla fer man liksom ikkje heilt av Netflix.

Kva om dette var noko du kunne gjere kvar einaste veke? Nei, vi lyg ikkje når vi skiltar med å vere Møre og Romsdals billigste Kino. Det siste fra Hollywood og dei billigste billettane?

Vaksen: 95,- // Barn: 85,- // Ungdom: 75,-

¨Ja takk begge deler¨ - Ole Brumm