Ny Kulturhusmedarbeidar - teknikar.

Det er hektiske dagar på Ingebrigt Davik-huset, og vi er glade for å få Brattvågaren Dan Roger Lid med på laget.

Mange har kanskje sett ein ny kar ile til her og der på og rundt scena på Ingebrigt Davik-huset. Dette er Dan Roger Lid (33), som nyleg har starta i stillinga Kulturhusmedarbeidar - teknikar. Det vert varierte arbeidsoppgåver og ein hektisk kvardag. Dette trur vi vil passe veldig bra for Dan Roger, som har erfaring som mellom anna musikar, lærar etc. Han har evne til å halde mange ballar i lufta samtidig, og bra er det, for i disse dagar kombinerar han kultursjobben med studier i Molde samt TV-opptredenar i musikkprogrammet The Voice.

Vi ønsker Dan Roger Lid hjertelig velkommen i staben til Ingebrigt Davik-huset.

Det er elles hyggelig å registrere at mange anser Ingebrigt Davik-huset som ein attraktiv arbeidsplass, for det var mange gode kandidatar som søkte på stillinga som vart lyst ut.