Raymond Og Froe

« OJ, SERIØST?», sa Raymond då han fekk nyheita.

Då Frode Alnæs bestemte seg for å spele konsert i Brattvågen hadde han eit inderlig ønske:

''Når vi no skal reise landet rundt med førestillinga «Min dans med strenger», ønskar vi å treffe lokale gitaristar. Så på kvar stad inviterar vi ein lokal gjestegitarist, ung eller gammal, opp på scenea for å spele ei låt med oss''. Det skal bli utruleg artig, sei Alnæs.

Etter mykje spekulering, ringing og diskusjon landa vi frå huset på ein mann som var perfekt for jobben og sendte nummeret hans til Frode.

Kva dei har planlagt og diskutert seg imellom er fortsatt ein hemmeligheit men ein ting er sikkert: Vår eigen lokale Raymond Engstrøm frå vatne skal fredag 9.februar opp på scena og spele taket av ID-huset i lag med Frode Alnæs!