Pressebilde Frode Alnaes Arrangor 2

Frode Alnæs jaktar gjestegitarist frå Haram

Frode Alnæs (58) er ein av Norges beste gitaristar. 9. februar kjem han til ID-huset og treng di hjelp.

Når vi no skal reise landet rundt med førestillinga «Min dans med strenger», ønsker vi å treffe lokale gitaristar. Så på kvar stad inviterar vi ein lokal gjestegitarist, ung eller gammal, opp på scenea for å spele ei låt med oss. Det skal bli utruleg artig, sei Alnæs.

– Gler meg!

Ideen er at den lokale gitaristen skal vere med Frode og bandet og spele ein av gitarklassikarane frå musikkhistoria. Dei som føler kallet eller kjenner nokon som kanskje ikkje tør å melde seg på skjølv? Ta kontakt med oss på Ingebrigt Davik-huset!

­– Ingebrigt Davik? Eg gløyme aldri barndommens radioprogram om Taremareby og krabbekrølle. Mareritt og vonde drømmar. Men du verden så hyggelig det har vore kvar gang eg har vore i Brattvåg. Eg er skapsunnmøring, fortel Alnæs.

Gitaren i sentrum

Frodes nye førestilling er ei konsertførestilling med både humor og alvor med gitaren i sentrum. Publikum vil få servert nye låter, musikkhistoriens mest kjente gitarlåter og ikkje minst hits fra Frodes solokarriere og fra Dance With A Stranger.

 «Min dans med strenger» handlar om gitaren som ven, trøst, gledesspreiar, reisefølge og kunstnerisk uttrykk. Den handlar om eit livslangt vennskap med instrumentet som trøstet da håret falt av som 11-åring, om det å vere annleis, til det å slå igjennom som musikar og å bli ein berømt gitarist, artist og komponist.

- Eg skjulte meg jo med parykk i 16 år. Det er klart det har prega livet mitt å ikkje stå fram som den eg var. I tillegg til all humoren og latteren i førestillinga ønsker eg å fortelle ei historie om det å vere annleis, men å snu det til ei styrke, sei Alnæs.

Stjernelag på scena

«Min dans med strenger» produserast av Alnæs’ eget selskap Frog Music AS. Ivar Tindberg har regi på førestillinga og Frode er musikalsk ansvarlig. Med seg på scena har Frode eit stjernelag av et band: Morten Huuse (kapellmester/tangenter) har spelt med Dance With A Stranger i 25 år, Mambo Companeros og er ein kjent arrangør og kapellmester. Knerten Kamfjord (bass) er også kjent som ein del av Odd Børretzen/Lars Martin Myhres band samt Øystein Sunde sitt band. Thomas Gallatin (trommer) spelar med ei rekke artistar som Morten Abel, Daniel Kvammen, Garness, Siri Nilsen og Tôg. Kjetil Sandnes og Henrik Langerød vil alternere/vikariere på hhv bass og trommer

Kontaktinfo: 

Epost: kjetil@idhuset.no

Tlf: 702 07 370 / 484 11 234