Dominika

Dominika Kucharska - Årets frivillig 2017

Årets Frivillig-pris heng høgt og som årets frivillig får fri inngang til alle husets arrangement det påfølgjande året

Dominika er 19 år, bur i Brattvågen og har vore ei solid klippe på ID-huset heit sidan sin fyste dag for to og eit halvt år sidan. 

I 2015 byrja ho å studere Service og Samferdsel på Ålesund Vidaregåande Skule, der ein praksisplass i ei bedrift høyrar med. Det starta med ein dag i veka, så blei det to dagar og som den eldsjela ho er, takka ho gledelig ja til ekstravakter både morgon og kveld. Etter praksistida var over har ho fortsatt som frivillig og gjort ein kjempejobb!

I kinokiosken trivst ho best og har i tillegg, med stor entusiasme hoppa på andre oppgåver som kinomaskinist, vakt, konsertriggar og artistvert. Langs med vegen har ho alltid vore positiv og blid, aldri sagt nei til utfordringar og samarbeida godt i team med både dei tilsette og resten av dei frivillige på huset.

Årets frivillig-pris heng høgt og som årets frivillig får ein fri inngang til alle husets arrangement det påfølgjande året. Ved prisutdelinga fortelde Dominika at ho hadde hatt det kjempekjekt på ID-huset og håpa å få fortsette i mange år til, noko som vi alle set enormt stor pris på.