2

Kven er Vegard?

Dei siste åra har han budd i storbyar som Bergen og Trondheim, før han tok med seg sambuar og kattar tilbake til Haram.

Den nye karen heiter Vegard Johansen, er 26 år og kjem frå Søvika. Dei siste åra har han dog budd i storbyar som Bergen og Trondheim, før han tok med seg sambuar og kattar tilbake til Haram. Vegard er tilsett som arrangementsansvarleg på Ingebrigt Davik-huset, men sidan Vegard spelar på mange strengar (bokstaveleg talt), så har han særdeles varierte arbeidsdagar her på huset. Han følger opp arrangementa med marknadsføring, teknikk, billettsal osv. Sidan han er møbelsnekkar, er det heller ingenting i vegen for at han bedreg med oppussing av møblar og veggar her på ID-huset.

I sommar har det tilsynelatande vore feriemodus på Ingebrigt Davik-huset. Ingen konsertar, ingen teater, ingen kino. Men; i studioet vårt har det vore aktivitet! Vegard har jobba i studioet Flyndrefanten Recordings, med opptak av ein lokal soloartist, og eit lokalt band. Innspelinga har gått fint, og stuidoet er klar for å ta i mot nye artistar i haust. Då er det Vegard Johnasen du må kontakte!

Vegard har tidlegare produsert for blant anna Skóg og Waste a Saint som begge har blitt husholdsnamn i Trondheim og rulla jamnt og trutt på P3, P1 og Radio Ålesund. Han stakk også av med Gullspiren for beste produserte EP på Høyskolen Kristiania Trondheim i 2015.

Så var det desse strengane.. Vegard spelar dei fleste instrument, gitar, banjo, kontrabass, piano, trommer etc. Så det musikalske alibiet har han dekt til fulle med jobb i kulturlivet i Haram.

Vi er glade for å ha fått på plass denne blide, handlekraftige karen!