20170622 2334361  

UL Fram // Skjønnheten og udyret

Bli med på ei magisk reise til eit land langt vekke, eit forheksa slott, og morosame figurar. UL Fram sin "Skjønnheita og Udyret", framført av 40 kjekke ungdommer i Juniorgruppa til UL Fram.

Alle visningar

Beklager, ingen bilettar tilgjengeleg for kjøp på nett.

UL Fram // Skjønnheten og udyret

Bli med på ei magisk reise til eit land langt vekke, eit forheksa slott, og morosame figurar. UL Fram sin "Skjønnheita og Udyret", framført av 40 kjekke ungdommer i Juniorgruppa til UL Fram.


Ver vår gjest...

Vi er glade, og stolte over å ynskje alle velkomne til UL Fram sin versjon av musikalen Skjønnheten og Udyret. Akkurat denne musikalen har vore ein draum å setje opp, heilt sidan vi såg akkurat denne på Christiania teater under ein inspirasjonstur i 2014. Tallause timar med tenking og grubling, teikning, lesing, kaffi, leiting på internett, øving og synging er over..  Knekte synåler, metervis med stoff, papp, lim, skum, ja alle moglege materiale som kan nyttast kreativt har no funne si rette form. Vi er veldig takksame for all hjelp vi har fått, på alle områder. Rettigheitene til musikalen er eigd av Disney-konsernet. UL Fram er særs takksam for økonomisk støtte frå Sparebanken Møre; det kostar å spele teater på lovleg vis!

 

Musikalforma er ei magisk verd i seg sjølv; Skjønnheten og Udyret er skapt for magi. Anten du er 50, 5 eller 85 håper vi at du opnar opp for magien, kjenner gåsehuda, får trimma lattermusklane, nyt den vakre musikken og let deg imponere av kva ungdommane tryllar fram på scena.

Ungdommane i UL Fram, heile 40 unge amatørar i alderen  11 - 16, har jobba og stått på sidan januar. Innimellom fotball, korps, skule og alt mogleg anna har dei pugga, øvd, sunge, dansa, terpa, repetert, flørta og nesten budd på Framtun. No når alt er sydd saman, sceneskifta innøvd og resultatet er klart, er vi mektig glade og stolte over å ønske publikum velkommen inn i denne magiske verda.

God fornøyelse...

    

Marion, Linda og Reidunn