20180625 222158  

UL Fram // Aladdin

Aladdin Juniorteatergruppa i UL Fram vil gjerne presentere deg for Aladdin, denne 1001 natt-versjonen av Espen Askeladden. Gjennom fantastisk scenografi, imponerande «skuespeling», kjappe replikkar, songprestasjonar med gåsehudgaranti, og fleire fargerike og magiske fellesnummer gler alle dei 40 … ikkje røvarar, men aktørar i alderen 11 – 16 år, seg til å ta deg med til Agrabah.

Alle visningar

Beklager, ingen bilettar tilgjengeleg for kjøp på nett.

UL Fram // Aladdin

Aladdin Juniorteatergruppa i UL Fram vil gjerne presentere deg for Aladdin, denne 1001 natt-versjonen av Espen Askeladden. Gjennom fantastisk scenografi, imponerande «skuespeling», kjappe replikkar, songprestasjonar med gåsehudgaranti, og fleire fargerike og magiske fellesnummer gler alle dei 40 … ikkje røvarar, men aktørar i alderen 11 – 16 år, seg til å ta deg med til Agrabah.


Agrabah; byen med si magiske lampe, byen der ein pengelens lurendreier kan bli ein prins, byen der ei prinsesse kjemper for kjærleiken og byen der alle syng! I tillegg til Aladdin og hans kompistrio, Babkak, Omar og Kassim, møter du prinsesse Jasmine og hennar venninnetrekløver, Isir, Manal og Rajah. Du møter Sultanen som er oppgitt over at dottera er sta og nektar å gifte seg. Du møter Jafar og Iago som saman med Razoul og vaktene har heilt andre og meir skumle planar. Du møter kule Genie, klarer han oppfylle ønska? Flyg det flygande teppet? Og kven er eigentleg prins Ali? Tør du å stole på oss? Så set deg godt til rette og bli med til ei heilt ny verd!