20190608 1508351  

U.L Fram // Anastasia

Framsyning av musikalen Anastasia på Ingebrigt Davik-huset. UL Fram si Juniorgruppe er endelig tilbake i Brattvåg, og no vil dei vise musikalen Anastasia. Gå ikkje glipp av denne fantastiske gjengen si tolking av det russiske eventyret.


Alle visningar

Sunday 25. Aug 17:00
Gratis inngang

U.L Fram // Anastasia

Framsyning av musikalen Anastasia på Ingebrigt Davik-huset. UL Fram si Juniorgruppe er endelig tilbake i Brattvåg, og no vil dei vise musikalen Anastasia. Gå ikkje glipp av denne fantastiske gjengen si tolking av det russiske eventyret.


Tsar Nicolai av Russland held det siste ballet i vintersesongen, når det blir avbrutt av den onde trollmannen Rasputin. Han er ute etter hevn over Romanovfamilien. Med hjelp av relikviet sitt, legg han ein forbannelse der han ønsker alle død. Anastasia, tsarens yngste datter, klarer så vidt å unnslippe med livet i behold, men mister hukommelsen.

Mange år seinare møter ho den kjekke Dimitri, og med eit smykke rundt halsen, der det står «Saman i Paris», legg ho ut på ei farefull reise, på leiting etter identiteten sin. Men vegen er ikkje enkel, og dei må passe seg for den onde Rasputin og hjelparen hans Bartok

Kom å bli med på denne storslåtte musikalen, saman med Juniorteatergruppa i Ul Fram. Her blir det song, dans og mange flotte kostymer, ja det er berre å glede seg.

«Anastasia» passer for heile familien.