Neshornet Liggende 691X390  

Teatret Vårt - Neshornet

Neshornet Tankevekkjande klassikar. NB: Earlybird tilbod! Kjøp innan 20.august, og du får billetten til kampanjepris kr 220,- Etter dette er det ordinær pris. Sikre deg best pris, og beste sete, ver ein "earlybird"

Alle visningar

Beklager, ingen bilettar tilgjengeleg for kjøp på nett.

Teatret Vårt - Neshornet

Neshornet Tankevekkjande klassikar. NB: Earlybird tilbod! Kjøp innan 20.august, og du får billetten til kampanjepris kr 220,- Etter dette er det ordinær pris. Sikre deg best pris, og beste sete, ver ein "earlybird"


Nashorna kjem. Alle samanfall med røynda i dag er naturlegvis fullstendig tilfeldig.

Er nashornet indisk eller afrikansk? Det kan vel i grunnen vera det same når verdiar og konvensjonar vert trampa ned i eit absurd løp der hordane går amok. Likevel er det opphavet til nashornet som vert diskutert rundt kaféborda i småbyen. Når støvet så har lagt seg over restane av eit sivilisert samfunn spring flokken av nashorn rundt i det som ein gong var ein fredeleg liten by.

Heile byen har snakka om det i fleire dagar. Etter at eit nashorn sprang tvers over rådhusplassen sundag ettermiddag, dukkar det opp stadig fleire folk som har sett eller høyrt noko. På arbeidsplassane diskuterer ein den uventa hendinga høgt og lågt. Mange argumenterer med skråsikker skepsis. Litt etter kvart vert det klårt at ingen kan kjenna seg heilt trygge for desse villdyra. Eller er det òg slik at nashorna er sterke, vakre dyr?

For den noko apatiske og lett alkoholiserte Berenger vert innmarsjen til nashorna litt av ein vekkjar. Kan han stå opp for og halda fast ved verdiane i eit samfunn der han tidlegare har kjent seg utanfor?

Når absurditetar vert faktiske tilhøve bør det kanskje ringja nokre alarmklokker? Ionescos klassikar er ein tidsaktuell tankevekkjar.