Den Lille Havfruen Liggende 691X390  

Barneteatret Vårt - Den lille havfruen

Undervassmagi for heile familien. NB: Kampanjepris tilgjengelig fram til 20.august! 100 kr pr billett Vi belønner deg som er "earybird" Etter dette er prisen 140,-

Alle visningar

Beklager, ingen bilettar tilgjengeleg for kjøp på nett.

Barneteatret Vårt - Den lille havfruen

Undervassmagi for heile familien. NB: Kampanjepris tilgjengelig fram til 20.august! 100 kr pr billett Vi belønner deg som er "earybird" Etter dette er prisen 140,-


Bli med inn i H. C. Andersens fantastiske undervasseventyr. Nede under havoverflata ventar prinsar og havfrueprinsesser, havhekser og havkongar – og draumen om å finna ekte kjærleik.  

På botnen av havet finst skogar av planter som vaiar i vatnet nett slik som trea på landjorda gjer i ein bris. Små og store fiskar glid ut og inn gjennom havplantene slik fuglane flyg mellom trea oppe over havoverflata. I den aller djupaste delen av havet ligg palasset til sjøkongen der sjøfolket lever. Her er veggane laga av lyserosa korall, vindauga av det klaraste rav. Taket er laga av små skjel som opnar og lukkar seg med små perler inni, og alle dei seks døtrene til havkongen sym ut og inn av palasset heile dagen og er lukkelege.

Den yngste av dei seks døtrene til havkongen, Den lille havfruen, er ikkje som alle dei andre. Ho drøymer om det magiske landet over havet der menneska bur. Ein dag vert lengta mot landet der oppe over havet for stort og Den litle havfrua sym opp til havoverflata og forelskar seg i vinden, sola, fuglane, skyene og i ein vakker prins. 

Vert draumen oppfylt? Får Den lille havfruen faktisk det livet ho drøymer om? Ta med deg familien og kom og sjå sjølv!