Snodronningen Staende Med Tittel  

Snødronningen

Eventyrleg musikkteater for heile familien. Bli med Gerda på ei reise gjennom farar og store hinder for å redde bestevenen frå forbanninga frå Snødronninga! Korleis kan det gode vinne fram når det ser som mørkast ut? H.C. Andersens kjente eventyr Snødronningen er ei storslått familieframsyning med nyskriven musikk, vakre melodiar og levande bilde.


Alle visningar

Sunday 24. Nov 18:00
Gratis inngang

Snødronningen

Eventyrleg musikkteater for heile familien. Bli med Gerda på ei reise gjennom farar og store hinder for å redde bestevenen frå forbanninga frå Snødronninga! Korleis kan det gode vinne fram når det ser som mørkast ut? H.C. Andersens kjente eventyr Snødronningen er ei storslått familieframsyning med nyskriven musikk, vakre melodiar og levande bilde.


Gerda og Kay er bestevener. Når vinteren kjem med ein kraftig snøstorm får Kay en is-splint i auge. Han forbannar Gerda, blir lokka vekk av Snødronninga og forsvinn. Alle trur han er død - bortsett frå Gerda. På tross av at Kay har såra henne, bevarer ho trua på å finne og redde han. Vi får følgje med på Gerda si reise for å finne bestevenen. Ho møter mange utfordringar på vegen – og i enden av reisa ventar det store spørsmålet: Kan ho bryte forbanninga?

Snødronningen er eit klassisk eventyr om korleis kreftene i kampen mellom det gode og det vonde utspelar seg - også kjent for mange frå Disney sin film Frost, som er inspirert av historia om Snødronningen.

Varighet Ca. 1 time og 10 min.

Målgruppe Familieforestilling

Kreditering:

Av H. C. Andersen

Dramatisert av Martin Lothrington

Regi Martin Lothrington

Scenograf og kostymedesigner Signe Gerda Landfald

Komponist Julian Skar

Videodesign Jon Marius Nilsson

Lysdesign Jonas P. A. Fuglseth

Medvirkende Karin Stautland, Mathias Augestad Ambjør, Amalie Sofie Ibsen Jensen