Magi Og Fantasiopertorende Staende  

Magi- og fantasioperatørane

Improteater om magiske kvardagar. Ei framsyning til deg som alltid lurer på kven som bur inne i det tomme huset i gata, eller som kvar kveld håpar det skal være eit monster under senga… - eller kanskje stikk Supermann innom på middag?


Alle visningar

Saturday 19. Oct 18:00
Gratis inngang

Magi- og fantasioperatørane

Improteater om magiske kvardagar. Ei framsyning til deg som alltid lurer på kven som bur inne i det tomme huset i gata, eller som kvar kveld håpar det skal være eit monster under senga… - eller kanskje stikk Supermann innom på middag?


Magi- og fantasioperatørene finn på historier ut av nesten ingenting. Eller det vil seie; av alt det som skjer med deg kvar einaste dag, nesten heilt utan at du tenker på det. Kva om frukostblandinga di kunne sende deg tilbake i tid, eller at læraren din eigentleg bruker matematiske formlar for å suge livet ut av elevane sine - eller jobbar kanskje mora di på eit kontor som kan lese tankane dine?

Med utgangspunkt i heilt vanlege kvardagar lagas improteater der historiene forandrast frå gong til gong. Magi- og fantasioperatørene lagar eit inkluderande og engasjerande teater der borna kan la seg inspirere til å lage sine eigne historier. Teater kan oppstå kor som helst - av kva som helst.

Ta med kvardagen til heile familien og lag litt magi av den saman med Magi- og fantasioperatørene!

Hos oss er kvardagar alt anna enn kvardagslege!


Varighet Ca. 1 time

Målgruppe: Familieforestilling

Konsept og regi Mats Eldøen

Scenograf og kostymedesigner Monica Valsø

Medvirkende Kristine Grændsen, Preben Rongve og Olli Wermskog