2000X2000Hanne Sorvag  

Julekonsert med Hanne Sørvaag

Ho har vore mentor i tv-programmet «The Voice» og samarbeida med ei rekke artistar i inn- og utland. No syng ho jula inn på Ingebrigt Davik-huset.

Alle visningar

Beklager, ingen bilettar tilgjengeleg for kjøp på nett.

Julekonsert med Hanne Sørvaag

Ho har vore mentor i tv-programmet «The Voice» og samarbeida med ei rekke artistar i inn- og utland. No syng ho jula inn på Ingebrigt Davik-huset.


Lenge før Hanne Sørvaag var eit fjes på alles skjermar, var låtene hennar på alles lepper. Når ho spelar live får publikum også høyre historiene bak hitane.  Sørvaag har skrevet mange låter som har gjort stor internasjonal suksess. 

For artisten, som Universal signerte som låtskriver, har reist verden rundt for å skrive låter for andre. Hun har derfor opplevd mykje og har mykje på hjartet om tekstane, historiene bak dei, og kvifor morfaren meinte ho burde blitt hallodame, ikkje popstjerne. 

Denne turneen er kort sagt ei oppsummering av Hanne Sørvaags karriere, med låter fra dei aller første albuma, til hennar siste album med gjesteartister. Og sjølvsagt: Dei store hitane ho har skrevet for andre, i hennar eigen utgave. Blant anna "My destiny", framført av Kathrine McPhee i American Idol-finala i 2006, som kort tid etter nådde 2.plass på Billboards singellister. "Say Heilo To Goodbye" blei også ein stor hit for R&B-stjerna Shontelle. 

Her heime har du garantert fått med deg "My Heart is Yours", som Didrik Solli-Tangen sang i finalen av Eurovision Song Contest i 2010. Og du har neppe gått glipp av Maria Arredondos 1.plass på dei norske hitlistene med den melankolske sommerhiten "Brief and Beautiful". Hanne Sørvaag har også uttalt at det mest inspirerande og mystiske emnet å skrive om er kjærleiken. Gjerne med melankoli, men alltid med håpet godt bevart.  Har du fulgt Hanne lenge, veit du at ho ga ut sitt første album "You Know Me" under artistnavnet Paris allereie i 2002. Men det er først no, etter flere album, hiter og tv-opptredener at vi har blitt kjend med artisten og låtskrivaren Hanne Sørvaag. Og ikkje minst: The Voice-dommaren, som har lytta, vurdert og stemt fram ukjende stemmer fra heile landet.

På Ingebrigt Davik-huset skal ho synge jula inn med fullt band og raslande julebjeller. Ja denne jula skal bli god.