Eggum  

Jan Eggum med Oslo Strings

Jan Eggum kjem til Ingebrigt Davik-huset fredag 22.september. Denne kvelden har han med seg noko av det beste landet har å by på, på strengar! Oslo Strings! Dette blir ein fabelaktig konsert, med alle hans mange hits, lun humor og godt selskap. Dette er balsam for øret!

Alle visningar

Beklager, ingen bilettar tilgjengeleg for kjøp på nett.

Jan Eggum med Oslo Strings

Jan Eggum kjem til Ingebrigt Davik-huset fredag 22.september. Denne kvelden har han med seg noko av det beste landet har å by på, på strengar! Oslo Strings! Dette blir ein fabelaktig konsert, med alle hans mange hits, lun humor og godt selskap. Dette er balsam for øret!


Det blir sagt at Jan Eggum gir melankolien eit ansikt, og om nokon skal bryte ned den myta må det være Jan Eggum sjølv. Eggum er dreven i møtet med publikum, veit kva dei vil ha og maler skarpe og vare betraktningar om moderne mennesker på jakt etter noko å holde fast i. På scena osar han ein humor, varme og livserfaring som dei fleste av oss berre kan oppleve på nettopp Jan Eggum konsert.

Som ein viktig og markant skikkelse innan norsk visekunst og populærmusikk sidan midten av 70-tallet, er Jan Eggum kjent for å være ein munter melankolikar. Han karakteriserar seg sjølv som ein artist som syng enkelt om vanskelege ting, hovedsakelig om spenninga mellom personar. Musikalsk har han sitt utgangspunkt i visetradisjonen, med klare referansar til jazz og rock. Jan Eggum har mottatt fleire Spellemannprisar, både som soloartist og som medlem av Gitarkameratene.