Gutta  

Iron Maiden Tribute

Ein hyllest og klassikar kavalkade av Iron Maiden sine sju første plater! Vi skrur opp lyden og lar IMT glede eit rocka publikum i storsalen på Ingebrigt Davik-huset!

Alle visningar

Beklager, ingen bilettar tilgjengeleg for kjøp på nett.

Iron Maiden Tribute

Ein hyllest og klassikar kavalkade av Iron Maiden sine sju første plater! Vi skrur opp lyden og lar IMT glede eit rocka publikum i storsalen på Ingebrigt Davik-huset!


I 2009 starta the Iron Maiden Tribute (IMT) opp, i Ålesund. Fem muntre karar, med solide røter i the new wave of British heavy metal, syns det var på høg tid å heidre verdas største heavy metal band! Med utgangspunkt i Iron Maidens sju første utgivelser, har IMT plukka ut sine 20 favorittar. Der finn vi blant andre slagarar som; 2 minutes to midnight, the trooper, the number of the beast og fear of the dark. Sistnevne er forøvrig einaste låt som har sneket seg med frå dei senare utgivelsane.  

Showet er ein 2 timar lang klassikar-kavalkade som vil gi den mest beinharde fan ein fantastisk opplevelse. Låtane leverast med hjartet utenpå dongerivesten, frå fans - til fans. IMT består av meriterte musikarar i alle ledd og held høg musikalsk kvalitet. Hvis kvelden innfrir er det slett ikkje umulig at også Eddie stikk innom ein tur!

Iron Maiden Tribute er:

Vokal: Pål Silseth

Gitar: Totti Fjørtoft

Gitar: Stefan Olsen

Bass: Erik Krogen

Trommer: Adam Suleiman