Ida Presse 3  

Ida Jenshus - Two Worlds

Den 16.mars kjem Ida Jenshus til Ingebrigt Davik-huset. Det blir lagt opp til konsert med bord og stolar, så her er det lurt å sikre seg billettar i god tid. Konsertstart kl 20.30. Dørene og baren opnar kl 19.30. Vel møtt!

Alle visningar

Beklager, ingen bilettar tilgjengeleg for kjøp på nett.

Ida Jenshus - Two Worlds

Den 16.mars kjem Ida Jenshus til Ingebrigt Davik-huset. Det blir lagt opp til konsert med bord og stolar, så her er det lurt å sikre seg billettar i god tid. Konsertstart kl 20.30. Dørene og baren opnar kl 19.30. Vel møtt!


Ida Jenshus dukka for alvor opp i den norske musikkverkelegheita for ti år sidan. Allereie frå starten var det tydeleg at Ida hadde eit usedvanlig godt grep om americana-musikken ho tok mål av seg til å være ein del av – då knapt fylt tjue år. I løpet av dei neste fem åra lagde Ida Jenshus tre album, «Color Of The Sun» (2008), «No Guarantees» (2010) og «Someone To Love» (2012). Dei sette standarden på den norske americana-scena, og vart behørig premiert med tre Spellemannprisar. Men Ida Jenshus er ikkje ein artist som kviler, sjølv ikkje på ein ekstra stor haug med laurbær. I 2014 overraska ho alle med å stake ut ein vesentleg annan, og meir utforskande, musikalsk kurs med EPen «Let It Go». Ein reise til americana-musikkens ytterpunkt blei utvida og tydeliggjort på det foreløpig siste albumet, «Staring Over Again» (2015), der sangane strakk seg opp mot seks, sju, åtte og ni minutt. I desse fem åra etter at den første album-trilogien blei bragt i havn, har Ida vore ein musikalsk «commuter» mellom USA og Norge. Ho har tilbragt vesentleg tid i Los Angeles og Nashville, men mest i Music City. Der ho har samarbeidd med John David Souther, kjent i rockhistoria som JD Souther, ein sangar/låtskrivar med tette band til nokon av USAs mest framgangsrike artistar – Eagles og Linda Ronstadt. No er Ida Jenshus ute med sitt nye album, 'Two Worlds', og endeleg får vi gleda av å sjå Ida på ei norsk scene igjen! Vi gleder oss!