Lippestad 51 2 Preview  

Geir Lippestad - foredrag

"Når ting ikke blir som forventet - hva holder du fast i?" Geir Lippestad er tidlegare kåra til "Årets namn", "Årets kommunikator" og "Årets foredragshaldar". 25.september kjem han til Ingebrigt Davik-huset!

Alle visningar

Beklager, ingen bilettar tilgjengeleg for kjøp på nett.

Geir Lippestad - foredrag

"Når ting ikke blir som forventet - hva holder du fast i?" Geir Lippestad er tidlegare kåra til "Årets namn", "Årets kommunikator" og "Årets foredragshaldar". 25.september kjem han til Ingebrigt Davik-huset!


Lippestad vil trekke fram sine erfaringar som han har beskrive i sine to bøker "Det vi kan stå for" og "Eit større vi". Begge bøkene er eit forsvar av grunnleggjande humane verdiar i møte med det ukjende.


På ein personleg og engasjerande måte får han fram kva veg han har gått for å kome dit han er i dag, og korleis denne ferda har prega han som advokat, forsvarar og menneskje. Takka vere verdibasert kommunikasjon har han no ein ståstad og ein integritet som vert beundra av dei fleste.

Geir Lippestad er advokaten som har erfart viktigheita av å kommunisere på ein klok måte når verda eller tilværa rundt er i ferd med å gå av hengslane.

Han er for dei fleste kjend som forsvarsadvokaten i 22. juli-saka. Han har òg brei erfaring frå arbeidsrettens felt som advokat og har også bakgrunn fra eigedomsjus og som forsvarar.

Dette foredraget er laga spesielt for Ingebrigt Davik-huset, og vi trur dette blir ein spesielt interessant septemberkveld. Velkommen!