2 A4 A3232  

Fargespill Ålesund

Fargespill Ålesund gjorde stor suksess i 2017 og er no tilbake med ny forestilling som kjem til Brattvåg og Ingebrigt Davik-huset 10. november.


Alle visningar

Sunday 10. Nov 18:00

Fargespill Ålesund

Fargespill Ålesund gjorde stor suksess i 2017 og er no tilbake med ny forestilling som kjem til Brattvåg og Ingebrigt Davik-huset 10. november.


Vi lovar ein energisk, rytmisk og rørande forestilling med ca 80 barn og unge saman med heile The Brazz Brothers, møremusikarne Bjørnar Myhr, Audun Skorgen og Miki Campins på scenen!

Fargespill er ei eksplosiv og sterk forestilling presentert av barn og ungdom frå heile verda – som bor her. Eit nært, musikalsk møte med unge menneskers historie om kven dei er og kvar dei kjem frå, avdekka gjennom musikk og dans frå deira respektive bakgrunnar. På ein imponerande måte forenast desse musikalske perlene med global ungdomskultur som hip hop og beatboxing, og dei norske musikktradisjonar.

Fargespill blei starta i Bergen i 2004 av Ole Hamre og Sissel Saue – er eit tilbud i fleire byar i Norge og har hittil blitt sett av over 200 000 publikummarar. Ålesund Kommune og Fellesverket Røde Kors samarbeidar om prosjektet og gir mange barn og unge eit ukentleg kulturtilbud innan sang og dans.

Kunstnerisk leiar/ Regi: Karoline Isaksen

Koreografiansvarleg: Birte Roth Olsen

Musikalske arrangement og tilrettelegging: Runar Tafjord og Bjørnar Myhr.