Eva Weel Skram Finne Heim 3000X3000  

Eva Weel Skram

​Dei siste par åra har Eva Weel Skram for alvor tatt steget opp til å bli ein av landets aller mest folkekjære artistar, og heilt sidan ho byrja å synge på morsmålet etter deltakinga i ”Hver gang vi møtes”, har det gått slag i slag for Sogndalsjenta. Hausten 2018 gjer Eva ut sitt aller første norskspråklege album, og skal som seg hør og bør feire med turné! 8. februar kjem ho til Ingebrigt Davik-huset!


Alle visningar

Friday 8. Feb 19:30
Gratis inngang

Eva Weel Skram

​Dei siste par åra har Eva Weel Skram for alvor tatt steget opp til å bli ein av landets aller mest folkekjære artistar, og heilt sidan ho byrja å synge på morsmålet etter deltakinga i ”Hver gang vi møtes”, har det gått slag i slag for Sogndalsjenta. Hausten 2018 gjer Eva ut sitt aller første norskspråklege album, og skal som seg hør og bør feire med turné! 8. februar kjem ho til Ingebrigt Davik-huset!


Høgdepunkta til Eva frå dei siste åra er mange; ”Selmas Sang” var temalåt for NRKs storsatsing Snøfall, og framføringa av den vakre singelen ”Berre la meg vær” på NRK Lindmo var gripande og personleg, og traff publikum rett i hjertet. Ho har spelt for utselde hus i Operaen og Sentrum Scene i Oslo, Grieghallen i Bergen, Olavshallen i Trondheim og utallige festivalar, og har opna auga til publikum rundt om i landet, som vende tilbake gang på gang.