Christel Alsos Fot Isabel Watson Isw2582 1 Recovered  

Christel Alsos

Christel Alsos er kjent som den store stemma frå nord. I 2016 feira ho 10-årsjubileum som artist, og slapp samme år sitt 5. studioalbum til strålande kritikkar.


Alle visningar

Sunday 28. Oct 19:00
Gratis inngang

Christel Alsos

Christel Alsos er kjent som den store stemma frå nord. I 2016 feira ho 10-årsjubileum som artist, og slapp samme år sitt 5. studioalbum til strålande kritikkar.


Til vinteren er ho høgaktuell med ny musikk og deltakelse i TV-suksessen ’Hver gang vi møtes’. Den 28.oktober kjem ho til Ingebrigt Davik-huset for å levere splitter nytt materiale, favorittane frå ’Hver gang vi møtes’, og ikkje minst eit håndplukka utval låtar frå sin etter kvart bredt omfavnande katalog. 

Gjennom åra har Alsos briljert som artist og levert perle etter perle av låtar, deriblant «Milestone», «Finding Gold» og «Come On». Alsos’ katalog består av gjøymde skattar, drømmande poplåtar og fantastiske singlar. Ho har turnert over heile landet med konsertrekka i «At That Time Of The Night Tour» i 2017, der ho fylte salar frå nord til sør.

Christel Alsos er ein av våre mest folkekjære artistar i juletida, og har svøpt over folket med sin glitrande singel ’Desember’, som har vore både A-lista på P1 og framført regelmessig under Kurt Nilsen og Christel Alsos sin felles juleturné, der dei har framført for nærare 50 000 mennesker kvart år, dei siste fem åra.

Alsos er også ein av få Spellemannsnominerte artistar, som har vorte nominert fire gongar. Dette blir ein konsert ein ikkje vil gå glipp av.