Den Magiske Julekalenderen  

Barnas dag // Den Magiske Julekalender

Det er snart jul, og her får borna først høre eit juleeventyr av Olla Rypdal. Etterpå skal eventyret dramatiserast, og barna skal sjølve vere skodespelarane. Familie og venner er velkomne til å sjå sluttproduktet.

Alle visningar

Beklager, ingen bilettar tilgjengeleg for kjøp på nett.

Barnas dag // Den Magiske Julekalender

Det er snart jul, og her får borna først høre eit juleeventyr av Olla Rypdal. Etterpå skal eventyret dramatiserast, og barna skal sjølve vere skodespelarane. Familie og venner er velkomne til å sjå sluttproduktet.


Olla teaterverkstad:

”Den magiske julekalenderen” 

Forteljarstund og teaterverkstad der ein magisk julekalender viser oss vegen inn i eventyrverda. Der er nissane i ferd med å stelle i stand til jul.

Men alt er ikkje som det skal i nisseverda: dei lumske trolla er ute etter nissane sin hemmelege juleskatt!

Det blir spennande ei stund, men som i alle eventyr går alt godt til slutt og alle kan gle seg til jul.  

Barna får først høyre eventyret – så øver vi saman på det som skal skje. Barna får kostymer – og så er vi klare for å vise den vesle historia for kvarandre og foreldra.  

For barn i alderen 5-9 år (den eldste gruppa i barnehagen og 1.-4.klasse)  

Varer i 1,5 time.